No kan du laste ned smitte-appen

Klikk for stort bileteSmittestopp Mostphotos/Farknot Architect  Appen Smittestopp er no tilgjengeleg for nedlasting på Apple App Store og Google Play Store.

Appen skal gi Folkehelseinstituttet anonyme data om korleis grupper flyttar på seg i samfunnet for å måle effekten av tiltaka mot smittespreiing, og etter kvart skal brukarane få eit varsel om dei har vore i nærkontakt med koronasmitta personar.

Les meir om det her og sjå korleis appen-fungerer.

Skeptisk? Appen er frivillig.

Bruken av appen er frivillig. Alle persondata blir sletta etter 30 dagar. Du kan når som helst slette personopplysningar ved å bruke slettefunksjonaliteten i appen. Du kan også slette sjølve appen. Og du kan sjølv velje om du vil skru av og på loggefunksjonar.

Sikkerhet har høgste prioritet i utviklinga av appen.

Les meir om appen og personvern her.

Trinnvis innføring

Den stegvise innføringa vil etter planen bli slik:

  1. 16. april blir appentilgjengelig for alle via Apple App Store og Google Play Store. Den første fasen vil vere både for å samle og analysere data.
  2. Etter å ha samla og analysert data nokre dagar, vil FHI saman med nokre kommunar samanlikne manuell og digital smittesporing. Dei vil også då ha dialog med kommunane om korleis varsel til innbyggjarar skal sendast. Dersom du bor i desse kommunane vil du etter kvart kunne motta sms dersom du har opphalde deg i nærleiken av ein person som er stadfesta smitta.
  3. Etter dette gjer FHI eventuelle tilpasningar før ein innfører det same i fleire kommunar. Samarbeid med kommunane er viktig for å lære, bli trygge på treffsikkerheita for ei automatisert løysing og tydeleggjere korleis manuell smittesporing skal utførast i kombinasjon med digital smittesporing, og korleis innbyggjarane skal varslast.
  4. Om alt går etter planen, er ein klar til å automatisere varsel for alle i løpet av mai.