No er tida inne for ny runde med spelemidlar – søknadsfrist 1. november 2020

Klikk for stort bilete 

Dei siste åra har Vanylven kommune fått godkjent fleire søknadar som er kome inn til Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har fått tilskot til både nærmiljøanlegg og ordinære anlegg. Våren 2020 vart det innvilga stønad til aktivitetspark på Åheim 300 000,- og fotballhall på Eidså 1 750 000,- (siste del kjem i 2021)

Kulturkonsulent vil oppmode alle som har ein draum, om å søke! For nærmiljøanlegg kan man få støtte til 50% av godkjente kostnadar og for ordinære anlegg 1/3 av godkjente kostnadar. Ta kontakt med kulturkonsulent Helle Frogner helle.frogner@vanylven.kommune.no om du har spørsmål eller treng hjelp. Søknadsfrist er 1. november 2020.

Ein kan søke om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, som er open for allmenn idrettslag aktivitet, og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

  • For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 150.000
  • For kart, minimumskostnad kr 75.000
  • For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 50.000. Øvre grense for tilskot er satt til 300 000 kroner per anleggseining (med unntak av utandørs kunstisflater kan søke om tilskot på inntil 50 % av kostnadane, med ei øvre grense på 1 200 000 kroner i tilskot).

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram.  

Ordinære anlegg
Ordinære anlegg er anlegg som i hovudsak er knytt til konkurranse- og trening for organisert idrettsleg aktivitet. Dei tekniske krav til mål og utforming av anlegga tar utgangspunkt i konkurransereglane til dei enkelte særforbunda. Det finns samtidig fleire anleggstypar i denne underordninga som ikkje tar utgangspunkt i konkurransar og organisert aktivitet. Friluftlivsanlegg er ein slik kategori. Skateanlegg er ein anna anleggstype som rettar seg mot eigenorganisert aktivitet.

Nærmiljøanlegg
Nærmiljøanlegg er utendørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men der målsettinga er å opne og tilgjengelige aktivitetsanlegg for alle, beregnet for eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegga er ofte samlokalisert med skuler, og skal ligge i områder der folk bur og/eller oppheld seg. Ordninga retter seg først og fremst mot anlegg for barn og ungdom i alderen 6-19 år.

Kontakt

Helle Frogner
kulturkonsulent
E-post
Telefon 70 03 03 02
Mobil 924 87 111