No er tida inne for ny runde med spelemidlar - søknadsfrist 1.november 2019

Klikk for stort bilete  No vil kulturkonsulent oppfordre alle som har ein drøm, om å søke! For nærmiljøanlegg kan ein få støtte til 50% av godkjende kostnadar og for ordinære anlegg 1/3 av godkjende kostnadar. Kulturkonsulent Helle Frogner helle.frogner@vanylven.kommune.no vil hjelpe dykk. Ta kontakt så snart som mogleg, så får de oversikt over alt som må på plass for å kome i mål til søknadsfristen 1. november.

Dei siste åra har Vanylven kommune fått godkjent alle søknadar som er kommet inn til fylke. Vi har fått støtte til både nærmiljøanlegg og ordinære anlegg. Fotballhallprosjektet som Vanylven FK står bak er det største så langt. Søknaden for fotballhall er godkjent. Det er ikke tildelt midlar enda, men er kun et spørsmål om tid.

 

Du kan søke om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, som er open for allmenn idrettslag aktivitet, og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

  • For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 150.000
  • For kart, minimumskostnad kr 75.000
  • For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 50.000. Øvre grense for tilskot er satt til 300 000 kroner per anleggsenhet (med unntak av utendørs kunstisflater kan søke om tilskot på inntil 50 % av kostnadane, med ei øvre grense på 1 200 000 kroner i tilskot).

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram.  

Ordinære anlegg
Ordinære anlegg er anlegg som i hovedsak er knyttet til konkurranse- og treningsvirksomhet for organisert idrettslig aktivitet. Dei tekniske krav til mål og utforming av anleggene tar utgangspunkt i konkurransereglene til dei enkelte særforbund. Det finns samtidig fleire anleggstypar i denne underordningen som ikkje tek utgangspunkt i konkurransar og organisert aktivitet. Friluftlivsanlegg er ein slik kategori. Skateanlegg er ein annan anleggstype som rettar seg mot eigenorganisert aktivitet.

Nærmiljøanlegg
Nærmiljøanlegg er utendørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men der målsettingen er opne og tilgjengelige aktivitetsanlegg for alle, beregnet for egenorganisert fysisk aktivitet. Anleggene er ofte samlokalisert med skular, og skal ligge i områder der folk bur og/eller oppheld seg. Ordningen rettar seg først og fremst mot anlegg for barn og ungdom i alderen 6-19 år.