Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

team-2444978_960_720 - Klikk for stort bilete Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har 292 millionar kroner til fordeling til tiltak til inkludering av barn i låginntektsfamiliar.
Søknadsfrist er 10. desember 2018

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktiviteter, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som:

  1. bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og familiane deira kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  2. bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og familiane deira kan delta i ferieaktivitetar
  3. bidreg til deltaking for barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem på alternative meistringsarenaer

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar. Lenke til søknadsskjema finn du på Bufdir sin søknadsportal

Innkomne søknader vert sendt kommunen samla frå Bufdir, og kommunen skal prioritere mellom søknadane. Tildeling av midlar skal vere klart i slutten av mars 2019. For meir informasjon om ordninga, sjå Bufdir si heimeside

Kontaktperson for Vanylven kommune er Hanne Morseth, epost hanne.morseth@vanylven.kommune.no