Nasjonal tilskotsordning for å inkludere born og unge

Klikk for stort bilete I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021 er det satt av om lag 360 millionar kroner til "Nasjonal tilskotsordning for å inkludere born og unge". Bufdir lyser no ut midlane med atterhald om Stortingets endelege budsjettvedtak. Inntil 20 millionar kroner er satt av til utprøving av metodar/arbeidsmodellar og koordinering av samarbeidet mellom tenester. 

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant born og ungdom.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 4. desember 2020

 

Kven kan søke ?

Søkje gjennom kommunen:

  • Frivillige lag og organisasjonar - Lokallag, fylkeslag, regionslag.
  • Organisasjonsformene AS, SA, DA, ANS, enkeltmannsføretak og liknande.

 

Søkje direkte til Bufdir:

  • Frivillege organisasjonar som representerer sentralleddet i organisasjonen. For eksempel på sentralledd er Norges Røde Kors, Blå Kors i Norge, Norges Korforbund, Norsk Speiderforbund osv.

Bufdir gjer merksam på at direktesøknader som ikkje oppfyller kravet til å vere sentralledd, vil bli avvist. Organisasjonar som søkjer og mottek tilskot direkte frå Bufdir vil ikkje kunne ta i mot midlar til dei same tiltaka gjennom underliggande ledd.

 

Kva kan man søkje om tilskot til og kven kan søkje

Det kan søkje om tilskot til tre ulike tiltakstypar, jf. 1 a), b), c) i regelverket:

  1. Ordinære tiltak: deltaking i kultur-, fritids- og ferieaktiviteter og deltaking på alternative mestringsarenaer. Her inngår også søknader på forenkla skjema for utstyrssentralar. Offentlige instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot.
  2. Utprøving av metodar/arbeidsmodeller som skal motvirke eller dempe ein konsekvens av fattigdom blant born og unge. Konkret mål for inkludering av born og unge. Kommunen, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot
  3. Koordinering av samarbeidet mellom tenester samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor. Kommunen kan søkje om tilskot

 

Bufdirs søknadsportal

Det vil i år bli publisert fire ulike søknadsskjema i portalen. For søknader om tilskot til ordinære tiltak, nr 1,  bruk det ordinære søknadsskjemaet og forenkla skjema for utstyrssentralar. For søknader om tilskot til nr 2 og 3 er det oppretta eigne søknadsskjema.

Alle søknader og eventuelle vedlegg skal sendast inn gjennom Bufdirs søknadsportal.

Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

 

Hjelpeside til søknadsportalen

Det er svært viktig at søkjar har satt seg godt inn i regelverk, rettleiar og krav til rapportering.

Følg med på tilskotsordninga si nettside for oppdatert informasjon

 

Kulturkontoret sender ut informasjon direkte på e-post til lag og organisasjonar. Dersom ditt lag/organisasjon ikkje mottek e-post, kan du sende kontaktinformasjon til postmottak@vanylven.kommune.no