Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Klikk for stort bilete Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om støtte. Søkarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

Søknadsfrist er satt til 13. desember

Lokallag, fylkeslag, regionslag og andre må søke gjennom kommunen. Eksempel på dette er lokale ledd av kor, korps, frivillige organisasjonar og idrettslag. Vi gjer oppmerksam på at direktesøknadar, jf. punkt 1b), som ikkje oppfyller kravet til å vere sentralledd, vil bli avvist.  

Frivillige organisasjonar kan søke Bufdir direkte dersom dei representerar sentralleddet i organisasjonen. Eksempel på sentralledd er Norges Røde Kors, Blå Kors i Norge, Norges Korforbund, Norsk Speiderforbund osv. 

I regelverket til tilskotsordningen er det beskrevet kva ein kan søke tilskot til og kva kriterium som må vere oppfylt for å søke. Det er svært viktig at søkarar sett seg godt inn i regelverk og veileder og krav til rapportering.

Søknad om tilskot sendast gjennom Bufdirs søknadsportal

Hjelpeside til søknadsportalen

Fritidserklæring og tiltak som kan få støtte

I juni 2016 signerte representantar for kommunane, frivilligheita og staten ei fritidserklæring, der partane forplikta seg til å jobbe for at alle barn skal få moglegheit til å delta jevnleg i én fritidsaktivitet, avhengig av foreldrene sin sosiale og økonomiske situasjon.

Tilskotsordningen har siden opprettinga bidrege til dette. Bufdir anslår at 333 innvilga tiltak, ca. 75 millioner kroner, i 2019 gjekk til tiltak som støttar opp under fritidserklæringen.

Kulturdepartementet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan bidra til å nå måla i fritidserklæringa. Sjå oversikt her.

Helle Frogner er kontaktperson for denne tilskotsordninga i Vanylven kommune.

Har du spørsmål eller trenger hjelp til søknad, ta kontakt med Helle på mobil: 92487111 eller mobil: helle.frogner@vanylven.kommune.no

 

Lenker som ligg i teksten: