Mulig svindelforsøk med Vipps

Klikk for stort bileteKommunen har registert at folk har fått melding via Vipps om å betale pengar til kommunen utan at kommunen har sendt ut faktura til dei det gjeld. Dette kan vere eit forsøk på svindel, og folk må vere oppmerksam på at når ein får melding om å betale noko til kommunen så skal det finnast ein faktura.

Ved betaling til kommunen via Vipps vil ein kunne opne fakturaen ved å trykke på «vis regning» under beløpet i betalingsbiletet.

Kommunen oppfordrar folk som eventuelt har fått slike falske betalingsvarslar via                                                          Vipps  å ta kontakt med økonomiavdelinga i kommunen.