MOT til å glede-dagen

Klikk for stort bileteIdag markerar vi MOT til å glede-dagen i Vanylven kommune !

Har du nokon gong tenkt på at det smilet du gjev til ein annan, kan vere det einaste smilet ein person får i løpet av dagen?

I dag 22. november markerar vi årets MOT til å glede-dagen. 

Ein skal aldri undervurdere effekten av dei små bidraga du kan gje til eit meir inkluderande samfunn.  I MOT jobbar ein for å skape robuste ungdommar som inkludera ALLE, slik at ingen skal føle seg einsame eller utanfor.

Klikk for stort bilete      

I dag starta Veslemøy og Ung-motivatorane Charkris, Elise, Vår, Henrik, Live og Isak med å dele ut pepperkaker til elevane på Åheim, Myklebust og Fiskå. Dei arrangerte konkurransar og laga skikkelig god stemning i klassene. Ung-motivatorane får fram kor viktig det er at alle sprer glede til kvarandre. Det skal so lite til ! 

Det viktigaste stikkordet for «MOT til å glede-dagen» er : TENK ENKELT. Gi eit smil, eit hei eller ein klem til dei du møter. Vis takksamd, vær raus med komplimenter og ros.

MOT sin visjon er eit varmare og tryggare samfunn. Det kan krevje litt MOT å gjere noko ekstra for å spreie glede, men vi kan love deg at verdien blir stor! Gled nokon du også.

Klikk for stort bilete                                      

 

 

 

Rektor, Janne Kristin er også glad for at vi har MOT til å glede-dagen.  

Klikk for stort bilete