Mørkt gatelys? Dette gjer du for å få lyset tilbake.

Vi er inne i mørketida, då manglande lys i gata merkast godt. For at dei som fiksar lysa skal få rask beskjed, må du melde direkte via internett.

Nordkraft

 

Vanylven kommune har ansvar for gate- og veglys, og har driftsavtale med Eviny som utfører sjølve arbeidet med å skifte pærer og anna vedlikehald på gatelysnettet.

Det enklaste er å melde inn feil direkte på Eviny si kartteneste. Lenka til denne tenesta finn du på Eviny si heimeside. 

Du går inn og registrerar feil ved å klikke fram til gatelyset. Der ser du også om det er meldt om feil på det same gatelyset tidlegare og eventuelt status for feilretting. Kartet blir oppdatert fortløpande. 

Sjølv om ein ikkje har gateadresse/husnummer, kan ein finne huset/gata si på kartet (ved å velje kommune blir det lettare å finne fram).  Deretter må ein zoome heilt inn for at alle gatelysa skal bli synlege (grøne prikkar), og då kan ein velje "registrere veilysfeil" og deretter merke av den grøne prikken det gjelder. 

Klikk deg inn i kartløysinga for å melde frå om mørkt gatelys

 

 

Det kan ta litt tid 
Feil vert retta fortløpande av Eviny, som kjem til Vanylven når dei har samla fleire oppdrag i kommunen. Det kan difor ta nokre veker frå ein melder ifrå til lyset vert fiksa. Det kan og skje at til dømes vegkryss må prioriterast før små blindvegar.

Vi ber om forståelse for at det kan ta litt tid før lyset kjem på att.