Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskot til prosjekt!
Har du eit prosjekt du ønsker midlar til? Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskot til prosjekt.
Tilskotsordninga skal bidra til at Møre og Romsdal får eit kultur- og fritidstilbod som er relevant og tilgjengeleg for alle, og frivillige lag- og organisasjonar som skaper mangfald og engasjement.
La-Rel Easter/Unsplash.com
Støtteordninga har som formål å styrke grunnlaget for vidareutvikling av kulturaktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i idretten, kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. I tillegg ønskjer vi å stimulere til nettverksbygging og samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
Desse kan søke:
Lag og organisasjonar med eit regionalt nedslagsfelt i Møre og Romsdal som er registrert i Frivillighetsregisteret.
- Allmennkulturelle aktørar
- Kunst- og kulturorganisasjonar
- Regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar
- Organisasjonar som er demokratisk oppbygd der alle kan teikne medlemskap
Desse kan ikkje motta støtte
- Politisk verksemd
- Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller videreformidlar midlar
- Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesse
- Religiøs verksemd
Meir informasjon om tilskotsordninga og kor du kan søke finn du her:
https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend/tilskot-idrett-friluftsliv-frivilligheit-og-folkehelse/prosjekttilskot-til-frivillig-verksemd
Søknadsfrist 4.mai 2023
Publisert av Irma Kristin Moen
Publisert 24.03.2023 09:31