Ledig vikariat som rektor på Åheim skule

 

Vanylven kommune har ledig vikariat som rektor på Åheim skule frå 1. august 2022 til og med 31.12.2023.

Til å leie og vidareutvikle Åheim skule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Skulen er ein 1-10 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 80 elevar, 20 tilsette og ligg i Åheim sentrum. Skulen har eige bygg med gode arbeidsplassar og eit godt læringsmiljø. Administrasjonsressursen er i overkant av 150% stilling fordelt mellom rektor, assisterande rektor og kontormedarbeidar. 

Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter.
Rektor rapporterar til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.

Lenke til stillingsannonse finn du her 

 

Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid.

Kvalifikasjonar
  • Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå skuleverket
  • Erfaring som skuleleiar.
  • I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon og leiing/personalleiing.
  • Du må kunne dokumentere erfaring frå gjennomførte utviklingsoppgåver og/eller prosjekt. 
Personlege eigenskapar
  • Fokus på mestringsorientert leiing
  • Open og tydeleg kommunikasjon
  • Evne til å bygge gode relasjonar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • Stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT

    Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
  • Aktive og motiverte elevar 
  • Faglege utfordringar
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • 15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, inntil kr. 28.000,- pr  år.
  • Vi har full barnehagedekning, og hjelper evt med bustad.

Lenke til stillingsannonse finn du her