Ledig stilling som leiar for teknisk sektor

Klikk for stort bilete   

Vanylven kommune har ledig stilling som leiar for teknisk sektor.

Vi ser etter deg som er utviklingsorientert og som har ambisjonar om å gjennomføre nødvendige omstillingar for ei berekraftig utvikling av kommunale tenester. Som leiar for teknisk sektor får du det overordna ansvaret for områda som ligg innanfor teknisk drift og du vil vere med i rådmannen si leiargruppe. Leiar for teknisk sektor har og ei strategisk rolle i dialogen mellom rådmannen og politisk leiing.
 
Teknisk sektor har totalansvar for områda veg, VAR, vedlikehald arealplanlegging, landbruk, miljø, kart, oppmåling, prosjektering og byggjesaker.

Vanylven kommune ønskjer ein leiar som:  

  • Er samfunnsorientert og som vil utvikle tenestene innanfor gjeldande økonomiske ramme
  • Har god forståing for politiske prosessar
  • Har evne til å bygge og forvalte føremålstenlege strukturar og over tid bygge organisasjonskultur og ein arbeidsplass der tilsette trivast          

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing
  • Erfaring frå økonomi og leiing, gjerne frå offentleg sektor 

Personlege eigenskapar

  • God rolleforståing
  • Fagleg engasjement
  • Sjølvstendig og systematisk 

Les meir i stillingsannonsa her