Ledig stilling som kommunalsjef for helse og omsorgsektoren

 Klikk for stort bilete 

Vanylven kommune søkjer etter ein framtidsretta og utviklingsorientert kommunalsjef for helse- og omsorgsektoren.
Er du ein person med brei samfunnsinnsikt og som meistrar både operative og strategiske utfordringar ?

Vi ser etter deg som ynskjer å vidareutvikle tenestane i Vanylven kommune, når vi no er inne i ei tid der samfunnet og verda endrar seg raskt.
Demografi og digitalisering utfordrar og påverkar oss korleis vi leverar tenestane våre. Vi er heile tida
på jakt etter å tenke nytt rundt involvering, organisering og måten vi arbeidar på.

Kommunalsjefen vil ha det overordna ansvaret for at kommunen leverar gode helse- og omsorgstenestar
gjennom leiing, samordning, tenesteutvikling og god økonomistyring. Kommunalsjefen skal vidareføre godt
samarbeid mellom administrativt og politisk nivå, og den nye leiaren vil også inngå i kommunedirektøren sitt leiarteam. 


Fullstendig stillingsannonse finn du her

Søknadsfrist 25.05.21