Lars Jonasmo er ny rektor på Åheim skule

 Her kan du lese om kva Lars Jonasmo er opptatt av og korleis han vil tre inn i den nye stillinga som rektor på Åheim skule. 

Lars er utdanna idrett/friluftslivlærar og har i tillegg tatt ein del fag som samfunnsfag, historie, engelsk og leiing. Etterkvart er planen å ta leiarutdanning. I arbeidserfaringa frå tidlegare har han jobba i vaksenopplæringa i Vanylven i dei siste 4-5 åra ,der han har hatt fleire roller som lærar, programrådgjevar og dei 2 siste åra som rektor. I tillegg til dette har han leia oppstarten og drifting av vikarbanken det siste året.

Den komande rektoren synast det er veldig spennande med denne stillinga, og håpar han kan vidareføre det gode arbeide som har blitt gjort på Åheim. " Det blir ein overgong å setje seg inn i rutinane og kome inn i kulturen på Åheim etter å ha jobba i vaksenopplæringa nokre år, men håpar eg kjem fort inn i det". - seier han. 

Når vi spør han kva han gleder seg mest til svarar han "Eg gler meg veldig til å bli kjend med både elevane, foreldra og dei som jobbar på Åheim skule, og at vi saman skal prøve å leggje best mogleg til rette for at elevane skal trivast, lære, meistre og oppleve det som vert gjort på skulen som meiningsfylt".    

 

Vi ynskjer Lars lukke til !