Kyrkjekonsert med pianoelevane

Pianoelevane spelte konsert i Vanylven kyrkje tysdag 16. juni. Under finn du lenkje med opptak av konserten!


Klikk for stort bilete 

Etter heimeundervisning via nett i koronatida fekk vi opne kulturskulen igjen for fullt nokre veker etter grunnskulen. Dette var vi svært glade for! For musikkavdelinga sin del såg vi at framgangen hadde vore svært forskjellig, grunna ulike instrument sin eigenart. Medan nokre elevar var konsertklare, hadde andre nok med å finne tilbake til sin vante undervisningsform. Dette, saman med avgrensa moglegheiter for offentlege arrangement, gjorde at vi avlyste dei store sommarkonsertane våre, og det vart opp til lærar og elev i kva format ein formidla kva ein hadde jobba med dette året. Nokre sendte videoar rett heim, kunstelevane har laga digital utstilling (sjå under "Nyhende), og pianoelevane i lag med pianolærar og kantor Brunhilde Engelhardt arrangerte konsert i Vanylven kyrkje, i samarbeid med kyrkja.

Elleve elevar spelte eit variert repertoar av ulike sjangrar frå Austerrike, Tyskland, Norge og USA (sjå liste under). Brunhilde og elevane ønska å nå bebuarane på Vanylven omsorgssenter, og konserten vart difor filma. Lenkje til filmen finn du her.

Elevane på filmen speler:
Henny Lovise Bakkebø Bakke -Tema
Aida Grace Kvalsvik Slagnes - The Entertainer
Jan Kaczurak - Original Rags
Linéa Nystøyl Lillebø - «22» av Taylor Swift
Linnea Fagerhol Høgseth - Gje meg handa di & Shallow
Flynn Tautai Tiran Mehu - March, Menuet & La Golondrina
Hipinmara Mehu - Sisiliansk Serenade
Romeo Endal Slagnes - Spansk Tango, Fader Jakob, Mary hadde et lite lam & Karusellen

Dei unge pianistane var oppfordra til å bruke fantasien og pynte seg i samband med stykket dei framførte t.d. når nokon spelte ein ragtime av Scott Joplin frå 1920-tallet.
"Musikkelevane i kulturskulen har vist stor vilje og evne til å stå på gjennom ei vanskeleg tid for oss alle. Og det var imponerande å oppleve!", seier Brunhilde. "Flott om dei kan ta med seg vidare i livet erfaringa av at musikken har kraft til å hjelpe, støtte og trøyste oss i ei vanskeleg tid."

Film: Ola Døhl