Kulturskulen opnar igjen i veke 20!

Klikk for stort bilete  Kulturskulen er no klare til å gjenopne i Vanylven frå veke 20. Opninga vil skje gradvis, etter modell frå grunnskulen, og vil i fyrste omgang opne for 2.-4.klasse. Dette for å sikre at reinhald og smittevern blir teke i vare.

 Reglane for grunnskulen knytt til smittevern er sjølvsagt gjeldande også i kulturskulen. Norsk kulturskuleråd har bygd på denne laga ein eigen smittevernrettleiar for kulturskulen, den kan du lese her: https://kulturskoleradet.no/smittevernveileder-kulturskole#kap52

Alt personale er kursa av kommuneoverlegen om korona-pandemien og gode råd angåande smittevern, på lik linje med personalet i grunnskulen. Vidare har den einskilde lærar laga ein smittevernrutine for sine individuelle instrument, undervisningsplanane er tilpassa regelverket og alle rom er utstyrt med nødvendig utstyr.  

Det er mange omsyn å ta no når vi får alle elevane tilbake til grunnskulen, og vi vil halde oss til dei fem grunnpilarane i smittevernrettleiaren for å bremse smittespreiing i kulturskule:

1. Sjuke personar skal ikkje vere på kulturskulen

2. God hygiene

3. Redusert kontakt mellom personar

4. Ingen sambruk av instrument, utstyr, kostymar, m.m.

5. Undervisnings-/øvingslokalet må vere eigna.

Les gjerne meir om desse fem punkta i smittevernrettleiaren.

 

Alle skal vaske hendene sine før dei reiser heimanfrå. Vi ynskjer ikkje at elevane kjem til kulturskulen før akkurat når timen startar, dette for å unngå trengsel i gangen.

Timen startar med at eleven vaskar hendene sine. I musikkbingen og på kommunestyresalen, der det ikkje er vask, vil det henge handsprit. Elevane skal sitje på stolen sin heile undervisningstimen, og ikkje røre utstyret til læraren eller andre elevar. Messingblåsarar skal ikkje tøme instrumentet for spytt inne på timen viss det kan unngås. Sameleis skal flis byttast heime, og elevane skal sjølv stemme gitaren under rettleiing frå lærar. Er det naudsynt å gjere dette med hjelp, vil lærar ha hanskar tilgjengeleg, og kan unntaksvis hjelpe eleven. Ved undervisning i piano/keyboard vil læraren reingjere tangentane mellom kvar elev.

 

Meir informasjon vil bli gitt direkte frå rektor og lærarar.

 

Lærarane i kulturskulen gler seg til gjenopning og er klare til å ta imot elevane.
Velkomen tilbake!