Kulturskulen open for alle elevar frå veke 22!

Klikk for stort bileteVi er no klare til å opne også for 5.-10. klasse, og takkar for tolmodige elevar og foreldre i tida med videoundervisning. Kulturskulen vart stengd 12.mars, og vi er veldig glade for å vere tilbake i klasseromma med først dei yngste, og no dei eldste elevane.

Opninga starta i veke 20, slik vi kunngjorde for nokre veker sidan, med gradvis opning for 2.-4. klasse. No er vi klare til å ta i mot alle elevar, etter ein oppstart med gode erfaringar der vi ser at vi klarer å ivareta smittevern og reinhald på den måten vi skal.

Lærar informerer elevane om kva tid dei skal ha undervisning, og vi gjer merksam på at det kan vere at ikkje alle tilbod kjem i gong frå 25. mai. Dette kjem av kapasiteten i administrasjon og reinhald.
Siste undervisningsveke i musikkavdelinga er veke 24, i veke 25 avspaserer dei januarkonsertane.

Til sist minner vi om at sjølv om kulturskulen no har opna oppatt, må vi framleis praktisere smittevernsreglane om vi skal klare å hindre smitte og dermed knekke viruset.
Saman skal vi klare dette!