Kulturminner i Vanylven kommune

Klikk for stort bilete Vanylven kommune held på med ein plan for kulturminner. Planen skal innehalde ei oversikt over kulturminner og kulturmiljø i kommunen, og identifiserar dei av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida.

Ein kulturminneplan er eit nyttig verkty i arealforvaltinga og byggesakshandsaminga i kommunen, og den gir større føreseielegheit for grunneigarar, utbyggarar og andre. Ein kulturminneplan er også viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi,  vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private.
 

Fyll ut skjemaet og send inn dine kulturminner til helle.frogner@vanylven.kommune.no, frist for innsending 15. juni 2019.

Skjema finn du her. (DOCX, 16 kB)