Kulturminneplan

Klikk for stort bilete

 

Arbeidet med å samle inn objekter til kulturminneplanen går mot slutten. Siste frist for å sende inn skjema er 15. juli 2019.

Arbeidet med å samle inn objekter til kulturminneplanen går mot slutten.

Innsamling av objekter har vært gjort i samarbeid med sogelaga i kommunen. Det har vært arrangert feltreise med Møre og Romsdals fylkeskommune, ope møte med innbyggarane, og invitert til innspel via e-post til kulturkonsulent. 

Dersom ein ønsker tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne er det viktig å være med i kulturminneplanen. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi, vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private.

Ein kulturminneplan er kommunen sin oversikt over viktige kulturminner og kulturmiljø og inneheld ein plan for forvaltninga av desse. Planen gir kunnskap om fortida og avklarar kva kulturminner ein vil ta vare på i framtida. Det er kommunene sjølv som definerer kva kulturminner og kulturmiljø som er verneverdige i kommunen og som bør inngå i planen.

Arbeidslista over objekt som er med finn du her (PDF, 922 kB).

Ser du kulturminne og kulturmiljø som manglar, fyll ut skjema og send det på e-post til kulturkonsulent.

Siste frist for å sende inn skjema er 15. juli 2019.

Skjema finn du her. (DOCX, 16 kB)

Meir informasjon om kulturminner finn du her.

Kontakt

Helle Frogner
Kulturrådgjevar
E-post
Telefon 70 03 03 02
Mobil 924 87 111