Kulturmidler 2020 - ny frist 20.april

Klikk for stort bilete Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje kulturmidlar. Søknadsfrist er:  20.04.2020.

Frist for vedlegg er 05.05.2020.

For seint innkomne søknadar vert ikkje vurderte.

Søknaden skal innehalde desse vedlegga: Referat frå årsmøte / årsmelding og rekneskap for føregåande år.

Kven kan få tenesta? 

Personar, organisasjonar, foreiningar, lag og organisasjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vanylven kommune.

Kva kostar det?

Det er ingen kostnad med å søkje.

Kva kan du søkje på? 

  • Tilskot til drift av lag og organisasjonar

  • Oppstartstilskot – fast tilskot på kr. 2.500,-

  • Tilskot til forsamlingshus.

  • Tilskot til enkelttiltak/arrangement

  • Tilskot til kursdeltaking og leiaropplæring

  • Tilskot til enkelttiltak og arrangement som går i underskot. 

Korleis søkjer du?

  • Legge ved nødvendig dokumentasjon ut frå retningslinjene. 

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar finn du her. (DOC, 39 kB)

Søknadsfrist er 20.april 2020, frist for innsending av vedlegg er 5.mai 2020

Når kan du vente svar?

Har du med alle naudsynte opplysningar og dokumentasjon i søknaden, vil søknaden verte handsama innan rimeleg tid