Korleis vil du betale for buss og hurtigbåt?

Klikk for stort bileteFram ynskjer å vite korleis du ynskjer å betale for buss og hurtigbåt i fylket. Foto: Møre og romsdal fylkeskommune Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer deg til å fortelje korleis du ynskjer å betale for kollektivtransport i regi av FRAM.

I 2020 skal Møre og Romsdal fylkeskommune legge ut anbod på nytt billetteringssystem for buss og hurtigbåt i regi av FRAM.

I det høvet ynskjer FRAM å finne ut meir om dei reisande sine vanar og ønsker for betaling på reiser med buss og hurtigbåt.

Ved å svare på spørjeundersøkinga, kan du som innbyggjar i Møre og Romsdal påverke korleis det framtidige billetteringssystemet skal bli for buss og hurtigbåt i fylket.

Gi dine svar i spørjeundersøkinga (ekstern lenke)

Frist for å svare på undersøkinga er 31. desember 2019.