Kommunestyrevalet og fylkestingvalet - tidlegrøysting

Klikk for stort bileteI 2019 er det val av nytt kommunestyre og nytt fylkesting. Valgdagen er fastsett til måndag 9. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag 8. september og måndag 9. september.  I Vanylven er det val ein dag: 9.september.

KOMMUNESTYREVALET

Antall representantar og vallister

Det skal veljast 21 representantar til kommunestyret i Vanylven.

Vanylven valstyre har i møte 07.05.2019 godkjent desse vallistene ved kommunestyrevalet 2019:

  1. Kristeleg Folkeparti
  2. Arbeiderpartiet
  3. Senterpartiet
  4. Høgre
  5. Venstre
  6. Fremskrittspartiet
  7. Helsepartiet

FYLKESTINGSVALET

Antall representantar og vallister

Det skal veljast 47 representantar til fylkestinget i Møre og Romsdal.

Fylkesvalstyret har i møte 13.05.2019 godkjent desse vallistene ved fylkestingsvalet 2019:

Arbeidarpartiet
Demokratene
Fremskrittspartiet
Helsepartiet
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Partiet De Kristne
Liberalistene
Miljøpartiet De Grønne
Nordmørslista
Pensjonistpartiet
Rødt
Senterpartiet
Sunnmørslista Tverrpolitisk liste for Sunnmøre
SV - Sosialistisk Venstreparti
Uavhengig Valliste for Sunnmøre
Venstre

Godkjende vallister er lagt ut på www.mrfylke.no.
 

RØYSTERETT OG MANNTAL

Desse har røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
  • er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Noreg, og som 
  • ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

 

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller krava ovanfor dersom dei

  • har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert busette pr. 30. juni i valåret.
Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Servicetorget, Rådhuset, Fiskå frå midten av juli 2019. Om du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå.


FØREHANDSRØYSTING - TIDLEGRØYSTING

Veljarar som ynskjer det kan førehandsrøyste i perioden 10. august (d.v.s. måndag 12. august sidan 10. august er ein laurdag)  – 6. september på Rådhuset mellom kl. 09.00 og 15.00.

Det vert også halde ope på Rådhuset for førehandsrøysting laurdag 31. august mellom kl. 11.00 og kl. 14.00 og torsdag 5. september fram til kl. 18.00.    

Dessutan kan veljarar som ikkje har høve til å røyste etter 10. august få avgje røyste frå 1. juli.  Dette gjeld altså berre for dei som ikkje har høve til å røyste etter 10. august.

Røystar du på førehand er røystegjevinga endeleg og kan ikkje omgjerast ved å møte fram på valdagen.

Du kan førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Dersom du røyster utanfor kommunen eller fylket du er registrert busett i, får du utdelt røystesetlar som er påførte dei registrerte politiske partia. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du røystar på.


Institusjonar og ambulerande

Siste veka før valet skal det vere førehandsrøysting på institusjonar i Vanylven kommune. Dei nøyaktige dagane vert å avtale med leiarane på Vanylven helse- og omsorggsenter og Syvdetun. Dette vil bli kunngjort med oppslag på institusjonane.

Om du på grunn av sjukdom eller andre grunnar ikkje kan kome til vallokalet, kan du søkje om å få førehandsrøyste der du bur (ambulerande røystegjeving).  Søknad om ambulerande røystegjeving skal sendast til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå innan 4. september. 

 

ENDRINGAR PÅ RØYSTESETLANE

Ein kan gjere desse endringane på røystesetlane:
Ved kommunestyrevalet kan du gje ein eller fleire kandidatar (så mange du vil) ei personrøyst ved å setje eit merke i kolonnen ”Personrøyst” til venstre for namna på listekandidatane. Dette aukar sjansen for vedkomande til å bli vald inn i kommunestyret.

Vidare kan ein ved kommunestyrevalet i Vanylven gje personrøyster til inntil 5 kandidatar frå andre lister (”slengarar”). Desse skal førast opp i feltet ”Kandidatar frå andre lister”. Ein del av av røysta di vert i såfall overført til den andre lista/listene.

Ein kan ikkje stryke kandidatar.

Ved fylkestingsvalet kan du gje ein eller fleire kandidatar (så mange du vil) ei personrøyst ved å setje eit merke i kolonnen ”Personrøyst” til venstre for namna på listekandidatane.

Ein kan ikkje stryke kandidatar.


LEGITIMASJON OG VALKORT

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg. Alle må difor ta med legitimasjon når dei skal røyste, både ved førehandsrøystinga og på valdagen 9. september. Gyldig legitimasjon kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Ved dette valet deltek Vanylven kommune saman med 20 andre kommunar i eit forsøk med elektronisk utsending av valkort.

Med unntak av dei som har registrert seg mot digital post frå det offentlege, og veljarar som ikkje har oppdatert/bekrefta sin digitale informasjon i registeret etter gjeldande fristar, får alle røysteføre i kommunen digitalt valkort:

  • Alle får valkortet på ei personleg side på valg.no
  • Tilgjengeleg i digital postkasse for veljarar som har dette.

    Innlogging skjer via id-porten.
    Tilgjengeleg heile tida og på alle einingar.

 

Vi vil kome tilbake med nærare informasjon.

Valkort vil bli sendt på papir via Posten til røysteføre som har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon, eller som ikkje har registrert digital kontaktinformasjon.

Alle veljarar får tilsendt valkort. På valkortet finn du informasjon om opningstid og vallokale du skal nytte på valdagen.  Valkortet bør takast med ved førehandsrøysting, enten digitalt eller på papir.

 

VALTING 9. SEPTEMBER

Det vert halde valting på desse stadane måndag 9. september 2019:

 

Rovde krins:               Rovde forsamlingshus

Myklebust krins:        Fredtunkjellaren

Eidså krins:                Eidsåtun

Åram krins:                Åram skule

Fiskå krins:                 Kommunestyresalen, Combisenteret

Sylte krins:                 Syltefjord bygdehus

Åheim krins:              Åheim skule

 

Tid for røystegjeving:  Kl. 10.00 – 18.00 i krinsane Myklebust, Fiskå og Åheim.

Tid for røystegjeving:  Kl. 12.00 – 18.00 i krinsane Rovde, Eidså, Sylte og Åram.

 

Nærare opplysingar om valet finn du på www.valg.no