Kartlegging av naturtypar i Vanylven kommune 2019

Klikk for stort bileteDet vil bli kartlegging av naturtypar i Vanylven kommune i slutten av juni til august. 

Målet med kartlegginga er å få på plass god stadfesta informasjon om naturen som vi brukar til blant anna arealforvaltning. Ved at stadfesta informasjon om natur er tilgjengeleg tidleg i ein arealprosess vil dette kunne bidra til at det vert lettare å ta omsyn til naturen i desse prosessane, og i tillegg til å bidra til meir føreseielege og effektive prosessar. 

Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som blei vedteke av Stortinget i 2015. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsing for å å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Oppgåva vil bli utført av firmaet Miljøfaglig Utredning AS på oppdrag frå Miljødirektoratet. 

Meir informasjon om dette kan du lese her