Jubileumsgåve frå Sparebanken Møre

Klikk for stort bileteI samband med Sparebanken Møre sitt 175-års jubileum har dei gitt 175.000 kr til formål i Vanylven kommune.

Alle dei 24 kommunane som Sparebanken Møre held til i, fekk ei gåve på kroner 175.000 til prosjekter som bidreg til trivsel, vekst og utvikling i regionen. Det kom inn mange forslag, og i vår kommune vart det Fiskå Frilynde Ungdomslag som fekk gåva. 

Gåva vil gå til nye stolar i kinoen ved Fiskå Ungdomshus.