Jobbmesse i Herøyhallen 1.oktober 2019

Klikk for stort bilete  Tirsdag 1. oktober 2019 arrangerer NAV jobbmesse i Herøyhallen i Fosnavåg.

Jobbmessa er ein lokal arena der arbeidsgjevarar med behov for rekruttering og arbeidssøkjarar kan møtast i ei uformell ramme. NAV inviterer arbeidssøkjarar frå regionen og stiller med rettleiarar som vertskap på jobbmessa. Arbeidsgjevar vert tildelt ein stand der dei kan ta i mot arbeidssøkarar og profilere bedrifta. Jobbmessa er open for alle som er på jakt etter jobb. Arrangementet er utan kostnad, både for bedrifter og arbeidssøkjarar.

Arbeidssøkjarar vert oppfordra til å ta med oppdatert CV i fleire eksemplar.


Dørene er opne for arbeidssøkarar frå kl. 12:00 til kl. 15:00.

Meir informasjon finn du på NAV sine sider.