Invitasjon til kurs i ansvarleg vertskap

Klikk for stort bileteAnsvarleg vertskap er et kurs for deg som arbeider på ein skjenkestad/utestad med bevilling til å skjenke alkohol. Kurset gjev deg opplæring i kva alkohollova krev, og kunnskap om kva som skjer med kroppen når det vert konsumert alkohol, både fysisk og psykisk.

Stad: Quality Hotel Ulstein.
Tid: Måndag 18. februar 2019 kl. 16.00-21.30.
Pris: 200kr.


Kurset er eit tilbod til skjenkestadane i regionen vår. Målet er å få bransjen til å ta eit felles løft for å førebygge og redusere rusrelatert vald. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i restaurantbransjen vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.

Ansvarleg Vertskap er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta, Politiet, bransjen, Kompetansesenter for rus Midt-Norge og Helsedirektoratet.

Program:

 

16.00 - 16.10      Velkommen v. Verner Larsen, konstituert Rådmann Ulstein kommune.
16.10 - 16.40      "Kva er Ansvarleg vertskap" v. Rune Akerø Svenslid, KoRus.
16.40 - 17.00      Pause.
17.00 - 18.30      Alkohollova og alkoholpolitisk handlingsplan v. Ingunn G. Hestnes, jurist Ulstein Kommune, og Skjenkekontroll v. Magne Olav Strømme, driftsleder Securitas AS.

18.30 - 19.00      Matpause.
19.00 - 19.30      Erfaring frå bransjen v. Erik Mathias Lystad, Quality Hotel Ulstein.
19.30 - 20.00      Utelivsrelaterte rusproblemer og kommunikasjon og konfilkthandtering v. Pål Inge Oslen, Politiet.

20.00 - 20.15      Pause.
20.15 - 20.45      Branntryggleik v. Live Gandborg, Branningeniør Hareid og Ulstein Brannvesen.

20.45 - 21.10      Informasjon om e-læringskurs v. Rune Akerø Svenslid, KoRus.
21.10 - 21.30      Spørsmål, oppsummering og evaluering.

Påmelding:


For påmelding kan du anten følgje lenka her, eller sende ein mail til hanne.morseth@vanylven.kommune.no