Invitasjon til dialogmøte i barnehage og skulesektor på Åheim skule

Klikk for stort bilete Vanylven kommune inviterar til dialogmøte om korleis ein framtidsretta barnehage og skulesektor skal sikre best mogleg kvalitet i tenestane våre. 

OBS: Sjå smittevernsreglar nederst i artikkelen 

Tid og stad for møte:

  • Måndag 15. juni
    Åheim skule (Olivinhallen)
    kl. 18:00 – 20:30

Møtet blir gjennomført innanfor gjeldande smittevernsreglar, kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal deltek på møtet.

 

Kommunalsjef Frode Vik, rådmann Rita Kvamme og ordførar Lena Landsverk Sande inviterar til dialogmøte der desse emna vil bli tatt opp: 

  • Kva bør ein legge vekt på i ein framtidsretta barnehage og skule som skal fremje kvalitet for barn og unge?
  • Barnehagen og skulen si rolle i nærmiljøet
  • Utfordringar og mulegheiter i Vanylven kommune
  • Korleis legg nasjonale og lokale styringsdokument føringar i planarbeidet

Intensjonen med dagane:

  • Dialog om ein framtidsretta barnehage og skule for barn og unge i Vanylven kommune
  • Ei kunnskapsbasert tilnærming til kva for kompetansar barn og unge må ha for å meistre livet
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Politiske ambisjonar og forventningar
  • Innspel frå leiarar og medarbeidarar som arbeidar med barn og unge i Vanylven kommune.
  • Kva meiner barn og unge sjølve? Kva for ynskjer og forventningar har dei til kva ein heilskapleg plan skal innehalde.
  • Kva ambisjonar og forventningar har føresette, og kva føresette tenkjer kan være deira bidrag.

Velkomne!
Helsing kommunalsjef kultur og oppvekst Frode Vik, rådmann Rita Kvamme og ordførar Lena Landsverk Sande

 

Sjå informasjon til deltakarane på dialogmøtet Åheim skule her:

Vanylven kommune har gjennom skuleåret 2019 – 2020 arbeida med ein barnehage og skulebruksplan for framtidig kvalitet og innhald i skule og barnehage. Før Norge vart stengt ned 12. mars vart det gjennomført dialogmøte ved Myklebust skule 10. mars og Fiskå skule 11. mars men vi måtte avlyse møtet på Åheim skule som var tenkt gjennomført på kvelden 12. mars. No har vi i tett dialog med kommuneoverlegen vår vurdert det slik at det innanfor gjeldande smittevernsreglar er trygt/sikkert å gjennomføre dialogmøtet ved Åheim skule måndag 15. juni frå kl 18:00 til kl 20:30.

 

Vi vil vere ekstra nøye med å sikre godt smittevern under dialogmøtet. For å redusere smittefare har vi fokus på desse tre fokusområda:

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på møtet
  2. God hygiene under dialogmøtet
  3. Redusert kontakthyppigheit.

 

1) Sjuke personar skal ikkje delta på møtet

Har du symptom på luftvegsinfeksjon, også milde symptom, skal du ikkje møte på dialogmøtet.

Dette gjeld også dei som av ulike årsaker, er satt i karantene.

 

2) God hygiene

• Det vert satt ut desinfeksjonsmiddel ved inngang, på bord og ved toalett. Vi oppfordrar til hyppig bruk av denne.

  • Godt og utvida reinhald i forkant og etterkant av dialogmøtet

 

3) Redusert kontakthyppigheit mellom personar.

Under dialogmøtet vil vi sørge for:

  • Å halde oss innanfor gjeldande smittervernsavstandar mellom personar som deltek på møtet
  • Å halde oss innanfor gjeldande smittevernsreglar for kor mange vi kan samle samtidig
  • Ha ei oversikt over kva for personar som sitter i grupper under møtet for å sikre god smittesporing

    Helsing
    Cecile Lillejord Oppedal                                                         Frode Vik
    Kommuneoverlege                                                                 Kommunalsjef kultur og oppvekst

Kontakt

Frode Vik
kommunalsjef kultur og oppvekst
E-post
Telefon 70 03 00 05
Mobil 992 88 600
Rita Kvamme
Rådmann
E-post
Telefon 70 03 00 02
Mobil 951 40 593
Lena Landsverk Sande
ordførar
E-post
Telefon 70 03 00 01
Mobil 452 27 168