Interkommunalt samarbeidsprosjekt

Klikk for stort bileteHerøy og Vanylven har motteke kr. 610.000,- til prosjektet Samklang og utvikling av sosialtenester i NAV, eit interkommunalt samarbeid mellom ulike tenesteytarar i dei to kommunene. Prosjektet har eitt års varigheit med moglegheit for forlenging, om ein kan vise til gode resultat. Midlane skal gå til å tilsetje ein prosjektleiar.

Det var nyleg gjennomført eit oppstartsmøte for prosjektet Samklang – Utvikling av sosialtenester i NAV. Her deltok kommunalsjefane i Helse og omsorg, einingsleiar for Psykisk helse og rus, Flyktning, barnevern, leiar for koordinerande eining og NAV med fleire.

Med prosjektet har vi som ynskje å utvikle ulike oppgåver og tenester. Vi vil utarbeide god samordna innsats for felles brukarar frå ein eller fleire av dei ulike tenesteytarane i kommuna, vi vil utarbeide gode samarbeidsavtalar og samhandlingsrutinar som kan stå stødig også etter enda prosjektperiode, og vi vil samordne og koordinere innsatsen på tvers av hjelpeapparatet.

Målgruppa for dette prosjektet er hushaldningar med born som er longtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp, og andre som er mottakarar av fleire tenestetilbod frå ulike tenesteytarar.

Målet med prosjektet er å auke kunnskapen om småbornsfamiliar med låg inntekt i kommunane, og få fleire over frå økonomisk sosialhjelp til løna arbeid, aktivitet eller utdanning.

-  Det var utruleg mykje positiv energi  i oppstartsmøte, så klarer vi å overføre dette til prosjektet, så skal vi få til mykje spennande i lag med Vanylven, seier Renathe Ross-Kaldhol, kommunalsjef i Herøy kommune. Dette er det første fellesprosjektet som blir gjennomført etter at Herøy og Vanylven inngjekk samarbeid om ulike tenester.

- Det var kjempe flott at vi fikk midler til en slik stilling, seier Arnhild Nordaune, kommunalsjef i Vanylven kommunen. Oppstartsmøte var veldig godt organisert, og det var veldig bra at så mange kunne møte. For den nye organiseringa Herøy – Vanylven, så var dette veldig nyttig, og kunne treffes og ha eit slikt felles prosjekt.

Avtroppande avdelingsleiar ved NAV avdeling Vanylven, Ingrid Nystøyl, synast det var utruleg artig med eit slikt prosjekt, det var mest slik ein ikkje kan slutte i NAV no når skjer så mykje spennande.