Innleige av vikarar til ressursbanken i Vanylven kommune - open anbodskonkurranse

Innleige av vikarar til ressursbanken i Vanylven kommune - open anbodskonkurranse

Sjå fullestendig utlysning her (PDF, 213 kB)

Bakgrunn:

Vanylven kommune innbyr til open anbodskonkurranse for inngåing av rammeavtale knytt til innleige av vikarar i helsesektoren. Formålet er å inngå ein rammeavtale for to år.

Innkjøpet gjeld rammeavtale for innleige av vikarar innanfor tenestekategoriane helsepersonell, og skal dekkje behovet til kommunen for dette. Med helsepersonell siktar ein til det at leverandøren skal kunne levere offentleg godkjende sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og anna tilsvarande personell.

Endeleg tilbod skal sendast til postmottak@vanylven.kommune.no innan den 14. september 2023