Ingeniør 100%, fagområde veg, vatn og avløp - 2.gongs utlysing

Klikk for stort bilete 

Vanylven kommune har ledig stilling som ingeniør ved teknisk sektor innanfor hovudansvarsområda: 

- Veg 
- Vatn
- Avløp
- Renovasjon 
- Slam
- Idrettsanlegg 
- Kyrkjegardsdrift  

Arbeidsoppgåver

  • Drift- og vedlikehaldsansvar av eksisterande kommunale anlegg
  • Utføre sakshandsaming
  • Rettleiing av brukarar av tenestane
  • Prosjektering av nye kommunale anlegg, lage anbodsdokument, utføre anbodskonkurranse, utføre kontrahering, kontraktinngåing og prosjektleiing
  • HMS og internkontroll
  • Økonomikontroll av driftsbudsjett og prosjekt
  • Rapportering
  • Skrive politiske saker/ fylgje opp politiske vedtak
  • Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanna som ingeniør, sivilingeniør eller tilsvarande innanfor fagområde vatn, avløp og veg (VVA).
  • Ynskjeleg med formell kompetanse innanfor fagområde VVA.
    Erfaring kan erstatte formell kompetanse.
  • God forståing for økonomistyring og kontroll.

Personlege eigenskapar

  • Ryddig, sjølvstendig og systematisk
  • Løysingsorientert
  • Serviceorientert
  • God til å samarbeide
  • Målretta
  • God arbeidskapasitet
  • God til å tileigne seg kunnskap
    Flink til å kommunisere skriftleg og munnleg på Norsk

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
  • Fagleg utvikling og oppdatering
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Søknadsfrist 20.09.20

 

Sjå stillingsannonse her 

Kontakt

Helge Kleppe
leiar teknisk sektor
E-post
Telefon 70 03 00 71
Mobil 932 89 894