Informasjon om influensavaksine 2019/2020

Klikk for stort bileteDei fleste i risikogruppene som brukar å ta influensavaksine, har sikkert no begynt å vente på informasjon om den årvisse influensavaksineringa i kommunen.
Levering av influensavaksine frå Folkehelseinstituttet er i år forsinka, men den skal kome til Vanylven i slutten av denne månaden.
(Bildet er lånt frå fhi.no) 

Influensevaksina vil vertfall vere på plass i veke 44 og dermed vil det bli vaksinering same veka, men ein kjem tilbake til nærare dato. 

Vanylven helsestasjon som organiserer influensavaksineringa, vil kome med meir informasjon i avisa og på kommunen si heimeside om kva tid og kvar vaksineringa skal finne stad. Folket må derfor smørje seg med tolmod nokre veker til før vaksineringa startar rundt månadskiftet. 

Nyttige lenkjer: fhi.no/influensavaksine