Influensavaksinering 2020

Klikk for stort bilete 

Vaksineringa vert i år på ungdomshuset på Fiskå. Det vil bygdevis, og kvar bygd har fått sin eigen dag.

  • Åheim og Syltefjorden: torsdag 22.oktober, kl.09:00 - 14:00
  • Fiskå: fredag 23.oktober, kl.09:00 - 14:00
  • Syvde og Eidså: tysdag 27.oktober, kl. 09:00-14:00
  • Åram, Rovde og oppsamlingsdag: torsdag 29.oktober ,kl. 09:00-14:00

Følg informasjon og veiledning frå vakter ved oppmøte og etter vaksinering!

Minner om smittevernreglane, handvask og avstand.

Nasjonale helsemyndigheiter har vedteke vaksinering av kun risikogrupper og bestemte målgrupper:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester) 1.trimester med tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine
  • Barn og vaksne med:
    - diabetes mellitus type 1 og 2
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - kronisk hjarte-/karsjukdom
    - kronisk leversvikt
    - kroniske nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - nedsett imunforsvar
    - svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    - annan alvorleg sjukdom etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Vaksinegebyr

  • kr 100 for risikogrupper
  • kr 175 for andre målgrupper

Betaling med bankkort eller vipps. Ingen kontant betaling.

Vaksinasjon utanom desse datoane, kontakt legesenteret på tlf.70030100

 

Kommuneoverlegen og helsestasjonen