Har du forslag til klima- og energiplan?

Klikk for stort bileteFoto: pexels I denne korte undersøkinga, som ikkje tek mange minutta å svare på, ønskjer vi tilbakemeldingar frå deg som er innbyggjar i Vanylven.

Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppmodar alle på Sunnmøre til å seie korleis du meiner din kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra. Alt du treng å gjere er å gå inn på nettet og seie kva du meiner om desse spørsmåla.

Vi vil høyre kort om vanane dine knytt til blant anna:

  • Kjeldesortering
  • Plastforbruk
  • Gjenbruk
  • Kollektiv transport
  • Bruk av bil
  • Bruk av sykkel

Kva kan vi som kommune gjere for å få deg og innbyggjarane til å bli meir miljømedvitne?

- Har vi nok ladestasjonar for elbil?

- Er det godt nok tilrettelagt for å nytte kollektiv transport?

Alt som kan bli bedre, ønskjer vi tilbakemeldingar på.

I denne undersøkinga kan du kome med innspel til nye tiltak i klima- og energiplan 2020 – 2030.

Om undersøkinga

Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda og Herøy har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre.

Vil vi ete meir lokalprodusert mat, og kjøpe mindre billige plastprodukt produsert på andre sida av jorda? Ønskjer vi at det skal bli lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Skal ein kunne lade elbilen på ferja eller mens ein står i ferjekø?

Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut er det veldig viktig at du deler den!

Svara og innspela som kjem inn vil bli analysert og systematisert, og brukt inn i arbeidet med å forme ny klima- og energiplan for din kommune. Dette blir kanskje ei av dei viktigaste planane for framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll.

Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga og har henta inspirasjon frå Hamar. –«jo fleire som er med å medverkar til plana, jo betre blir planane», seiar Einar Haram i Sunnmøre Regionråd. Til no er det 202 personar som har vore inne og svart på nettet. Det er innbyggarane i Stranda som har vore best på medverknad, her har 42 personar vore inne å svara.

Vanylven kommune har låg svarprosent, så vi treng di hjelp! 

Undersøkinga vil ligge ute fram til 1. oktober 2020.