Har du arkivmateriale frå lag og organisasjonar i Vanylven kommune?

Klikk for stort bilete   I mange år har arkivet på rådhuset tatt i mot arkivmateriale frå organisasjonar og lag i Vanylven kommune for trygg oppbevaring. Vi har liggande møtebøker, diktsamlingar og mykje anna spennande.

Neste veke vert dette pakka og sendt til depot i Ålesund, hos IKA Møre og Romsdal (Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal).

Arkivet vert ordna og registrert. Lister over materialet vert publisert på arkivportalen.no slik at alle kan sjå at arkiva finns. Vi er veldig glade for å kunne gje dette arkivet den beste behandling i flotte og trygge lokaler.

Har du eller din organisasjon liggande noko de ikkje heilt veit kva de skal gjere av, eller trur kan vere verdt å ta vare på? Ta kontakt med arkivleiar Silje Riborg for ei vurdering.

tlf. 95169410
silje.riborg@vanylven.kommune.no
 

Kontakt

Silje Ekroll Riborg
fagleiar dokumentsenter
E-post
Telefon 70 03 00 35
Mobil 951 69 410