Fv. 61 nattestengt ved Tunheim i to veker

    

Les kva Møre og Romsdal fylkeskommune skriv om stenging av fylkesveg 61 ved Tunheim. 

Fv. 61 nattestengt ved Tunheim i to veker

Møre og Romsdal fylkeskommune skal skifte ut 20 stikkrenner (røyr) på fylkesveg 61 gjennom Tunheim i Vanylven før heile strekninga skal få ny asfalt. Arbeidet lar seg ikkje gjennomføre med trafikk på vegen.

Frå 8. august blir det nattestengt frå kl. 23.00-06.00 på kvardagane i to veker. Det er ikkje lokal omkøyring, men naudetatane kan passere.

Stikkrennene leiar vatn vekk frå vegen. Om dei blir øydelagde kan vegen i verste fall kollapse. Røyra som ligg i vegen no blir bytta ut i røyr med større dimensjon for å kunne ta unna auka nedbørsmengder i framtida.

Slik blir vegen stengt:

Veke 31:

  • Sun 8.august kl. 23.00 – 06.00 neste dag
  • Man 9. august kl. 23.00 til 06.00 neste dag
  • Tys 10. august kl. 23.00 til 06.00 neste dag
  • Ons 11. august kl. 23.00 til 06.00 neste dag
  • Tor 12. august kl. 23.00 til 06.00 neste dag

Veke 32:

  • Sun 15. august kl. 23.00 – 06.00 neste dag
  • Man 16. august kl. 23.00 – 06.00 neste dag
  • Tys 17. august kl. 23.00 – 06.00 neste dag
  • Ons 18. august kl. 23.00 – 06.00 neste dag
  • Tor 19. august kl. 23.00 – 06.00 neste dag

Opningstidspunktet er med atterhald om at entreprenøren ikkje støyter på stein i grunnen som er for stor til å fjernast med maskin. Sprenging kan føre til at dei ikkje rekk å bli ferdige til planlagt tidspunkt.

Det er ikkje lokal omkøyring. Alternativ rute er via E39 Kvivsvegen i Volda. Naudetatane kan passere.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Eivind Voldsund, telefon 907 73 969

 

Kart over det aktuelle området: