Forslag på meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten.

Klikk for stort bilete Kommunestyret skal innan 1. juli 2020 velje 3 kvinner og 3 menn til lagmannsrettens utval,     13 kvinner og 13 menn til utvalet av meddommarar for tingretten og eit utval på 10 medlemar (5 kvinner og 5 menn) til jordskifteretten for perioden 01.01.2021 – 31.12.2024.

I fylgje § 67 i domstollova skal utvala ha ei allsidig samansetjing, slik at dei best mogleg representerer alle delar av befolkninga. Kommunen skal oppfordre folket til å foreslå kandidatar til valet. 

Dei som skal veljast må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, vere personleg eigna til oppgåva og vere over 21 år 01.01.2021 og under 70 år 01.01.2021. Medlemar til jordskifteretten må vere kunnige i dei saker som jordskifteretten handsamar.

Forslag på kandidatar skal sendast til Vanylven kommune, rådhuset, 6143 Fiskå innan 15. mai 2020.
E-post: postmottak@vanylven.kommune.no