Foreldrebetaling barnehage - Endringar i faktureringsrutinar

Klikk for stort biletePå grunn av omlegging til nytt datasystem vil det no bli endringar i fakturarutinene til Vanylven kommune. 

Frå august 2019 vil det bli fakturert for 11 månadar med fakturafri månad juli. 

Til føresette med barn som skal over i skulen hausten 2019:
De vil motta faktura med foreldrebetaling barnehage for halv juli. 

Til føresette med barn som skal fortsette i barnehage hausten 2019: 
De vil ikkje motta faktura med foreldrebetaling barnehage for halv juli, i staden vil de motta faktura med foreldrebetaling barnehage for heil månad i august. 

Til føresette med nye barn i barnehage hausten 2019: 
De vil motta faktura med foreldrebetaling for heil månad i august. 

Til føresette med barn både i barnehage og SFO: 
De vil frå august motta ein felles faktura for barnehage og SFO. 

Du finn oppdaterte betalingssatsar for barnehage her 

Kontakt

Beate Farestveit Brandal
rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 03 00 33
Mobil 466 64 251