Feil ved utsendt faktura for kommunale avgifter

 

Melding frå økonomiavdelinga i Vanylven:
Vi ber om at faktura på kommunale avgifter med fakturadato 26.04.22 ikkje blir betalt.

I samband med nytt økonomisystem i kommunen er faktura med kommunale avgifter utsendt med ein feil. Fakturaen inneheld ikkje utrekning av moms. Dette er på grunn av ein intern feil ved oppsett av fakturering i det nye systemet.
Vi ber difor om at faktura på kommunale avgifter med fakturadato 26.04.22 ikkje blir betalt.
Kreditnota og ny faktura vil bli utstedt så raskt som mogleg.

Avtalegiro på kommunale avgifter ?
Fakturaen vil bli automatisk sletta frå nettbanken.  
efaktura på kommunale avgifter ?
Denne må du då avvise.
Kommunale avgifter på papir ?
Ikkje betal denne.