Fagdag i Geriatri - Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?

Fagdag i Geriatri - Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på forventingane til kva tenester vi som innbyggjarar ynskjer oss og korleis primær- og spesialisthelsetenesta kan samarbeide, organisere og nytte kompetanse og teknologi for å kunne ta imot helsetenester av høg kvalitet. Kan KI vere eit nyttig verktøy ? Organiserer vi hjelpeapparatet slik at ressursane vert nytta på best måte når hjelpa trengst ?

Har vi rett kompetanse eller spesialisert oss vekk frå individet? Greier vi å ta i bruk ny kunnskap som kan kompensere for auken i tal eldre? Dette og mange andre spørsmål vil bli sett søkelys på.

Illustrasjon: Kunstig intelligens (Imagen 3)

Dato: 07.Mars 2025

Klokka: 08:30–15:00

Sted: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset

Påmelding:
Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.
Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

Lenke til Høgskulen i Volda med påmeldingsinfo: Fagdag geriatri | Høgskulen i Volda

Pris: 400,-

Frist for påmelding 04.mars 2025 kl. 23:59

Program

Program
Klokkeslett: program:
08:30 Registrering
09:00 Opning av dagen v/Stian Endresen
09:10 Møte med geriatrien – forventningar og moglegheiter - Kommunedirektør Sande kommune, Renathe Rossi Aglen - Klinikksjef Volda sjukehus, Øyvind Nytun - Brukarrepr og tidl. ordførar Ørsta, Stein Aam
10:00 Korleis organisere og planlegge gode / treffande tenestetilbod ? - Eksempel frå Giske kommune, Lene Overå Bjørlo - Frå kontroll på friske kronikarar til «time på dagen» for dei som treng, Unni Arnestad m.fl. frå sjukehuset i Volda
10:40 Beinstrekk
11:00 Livet med kronisk sjukdom - Tilbodet ved Vardesenteret i Ålesund v/ (innleiar ikkje bestemt)
11:45 LUNCH
12:30 Har vi rett kompetanse i møte med geriatrien ? - Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS-kompetanse) v/ (innleiar ikkje bestemt) - Generalist- eller spesialistkompetanse. Kven gjer kva og kva treng vi ? v/ (innleiar ikkje bestemt)
13:15 Beinstrekk
13:30 Kan kunstig intelligens brukast i helsetenestene ? - Kva er KI og kva kan dette brukast til ? v/ Sindre Sandbakk, HiVolda
14:00 Eksempel på bruk av kunstig intelligens - Røntgendiagnostikk v/Kristian Kolnes - Journalføring etter konsultasjon hos lege v/ fastlege Bent Ingebrigtsen
14:45 Oppsummering og avslutning
15:00 Vel heim