Etteroppgjer - Betaling for opphald i institusjon

Klikk for stort bileteI desse dagar jobbar vi med etteroppgjer for alle bebuarar som hadde langtidsopphald i institusjon 2018. Dei dette gjeld vil om kort tid få tilsendt eit vedtak om for lite eller mykje innbetalt vederlag. 

Beløpet som blir trekt inn kvar månad er basert på årets nettoinntekt (inntekt minus skatt og gjeldsrenter). Dette beløpet er rekna ut utifrå forventa inntekt og blir stipulert til det ein trur vil vere riktig vederlag på bakgrunn av bebuar sin økonomi. Det er fyrst når likninga frå året før er klart at ein kan få den rette nettoinntekta. Det kan skje endringar i til dømes pensjon, renteinntekter (blir teke med berre på etteroppgjeret), utlikna skatt m.m. i løpet av året. 

For at vederlaget skal bli rett berekna er ei kontrollberekning med eit etteroppgjer nødvendig. 

Når nokon får langtidsplass i institusjon, blir det sendt ut ei orientering ilag med vedtaket, slik at bebuar/pårørande skal vere orientert om etteroppgjeret. 

Ved dødsfall blir det også sendt ei orientering om dette til dødsbuet. Der blir ein gjort merksam på at ein kan be om ei førehandslikning eller vente til likninga frå året før er ferdig. Når nokon døyr tidleg i kalenderåret, kan det ta over eit år før etteroppgjeret er klart.