Du er ein del av beredskapen i Noreg

Klikk for stort bilete Tenk igjennom kva farer og ulykker som kan ramme deg heime, og forbered deg best mogleg. Dersom strømmen blir borte eller du blir isolert av været i fleire dagar, bør du være rustet til å klare deg sjølv nokon dagar.

I dag starter ei l andsdekkjande arbeidsveke med fokus på eigenberedskap.

Målet med eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28.oktober til 3. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar.

Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap.
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkehverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

 

Kvifor eigenberedskapsråd no?

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Ditt eige beredskapslager

  • 9 liter vatn per person
  • to pakkar knekkebrød per person
  • en pakke havregryn per person
  • tre bokser middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre bokser med pålegg med lang haldbarhet per person
  • tørket frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisiner du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batterier, parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridrevet DAB-radio
  • batterier, batteribank og mobillader til bilen
  • våtservietter og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • litt kontanter
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin
  • rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtabletter (til bruk ved atomhendelser)

Nyttige lenkjer: 

 

Kontakt

Terje Kolstad
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 03 00 71
Mobil 958 10 289