Du er ein del av beredskapen i Noreg

den rette - Klikk for stort bilete 5.Desember vil alle landet sine husstandar motta ei brosjyre om eigenberedskap frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Brosjyra inngår i kampanja "Du er ein del av Noregs beredskap", som DSB har utarbeida saman med Oslo kommune. Målet er å styrke befolkninga si bevisstheit og kunnskap om å ivareta eigen sikkerheit ved hendingar og kriser som rammar kritisk infrastruktur. 

Logikken i kampanja er at når samfunnet rammast av ei stor hending eller ei krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Dess flere av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, dess bedre rusta står vi som samfunn. Hovudinnhaldet i kampanja er konkrete råd om kva folk kan gjere for å forberede seg best mogleg.

Sjølv om vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, er risiko- og trusselbiletet i Noreg sammensatt og i endring. Klimaendringar, ekstremvær, sikkerheitspolitisk situasjon, terror og teknologi er eksemplar på det. Vi blir stadig meir sårbare fordi vi er alt for avhengige av kritiske samfunnsfunksjoner – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

Brosjyra finn du her