Det er sett i verk ein statleg aksjon for det nederlandske lastefartøyet, som no ligg utanfor Stadlandet

Klikk for stort bilete Kystvakta KV Sortland  

Det nederlandske lastefartøyet "Eemslift Hendrika" sende 2. påskedag ut naudmelding. Lasteskipet er utan motorkraft og har vore i drift sidan mandag kveld. Skipet er no utanfor Stadlandet. Bergingsmannskap vert i kveld fira ned på lasteskipet, opplyser Hovudredningssentralen. Det er sett i verk ein statleg aksjon, i frykt for at skipet kan drive på land i løpet av natta. Vi har lokale redningsarbeidarar som er mobilisert, og dei viser til at vi har oljevernberedskap i området, i godt samarbeid med redningslag både sør for og nord for Stad. Kystverket har per no god kontroll på situasjonen.