Artist og låtskrivar Line Dybedal vil med albumet ARMERIA MARTIMA snakke opp bygda, havet og freden som kan finnast der. I desse dagar med fråflytting av bygdene og sentralisering av viktige funksjonar i samfunnet vil dette vere ein del av heiaropet til bygda. I motsetning til dei aller fleste andre artistar, har Line flytta FRÅ byen for å drive med musikk. Heim, tilbake til kystkultur, urørt natur, sjøsprøyt og stilla.
Armeria maritima er latin for strandnellik og eit symbol på "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Strandnelliken klamrar seg fast i sprekker og berg, nede ved vasskanten, der ein ikkje skulle tru nokon blome kunne finne jord å leve i.
Line Dybedal syng på dialekta frå Nordfjord og musikken er i sjanger visepop med innslag av elektronika, pop og folkemusikk. På albumet har Dybedal også tonesett diktet " Du er min los" av Jakob Sande.