Bygg for sal og riving (2. utlysning)

Klikk for stort bileteVanylven kommune har for sal og riving av saghuset på Eidså sag og ynskje med dette å invitere interessentar til å gje bod på kjøp og riving av bygget. 

Bygget består hovudsakleg av eit rammeverk i stål fundamentert på ringmur. Det er vidare tre kledning og planjatak . Det står mykje utstyr att etter drift i form av sager, motorar og kompressor. Det meste av dette utstyret er for skrap å rekne.  

Av verdiar kan ein nemne:

  • Rammeverk i stål består av totalt 12 vegg- og takbjelkar som kvar kan demonterast i 3 delar og brukast på nytt til garasje eller lagerhall til dømes. Antatt verdi er om lag kr. 140.000,-
  • Elektromotor av type Bauknecht 25kw. Antatt verdi 12.000,-
  • Ukjent antal tonn med stål som kan leverast inn til gjenvinning


Interesserte oppmodast til å ta kontakt med eigedomsforvaltar Frode Ellingsund (tlf. 70 03 00 76) for synfaring.

Dei som kjøper bygningen forpliktar seg til å rive og fjerne alt av bygningsmasse og rydde tomta innan 3 månadar etter avtale er inngått.

Utfyllande informasjon:

  • Tilbyder skal ha naudsynt kompetanse til å utføre arbeidet.
  • Tilbyder skal sørge for at HMS blir ivaretatt og fyller ut vedlagt HMS erklæring.
  • Tilbydarane skal vedstå seg tilbodet i 90 dagar rekna frå tilbodsfristens utløp.
  • Entreprenør må gjere seg kjent med rør, leidningar og kablar i grunnen som kan komme i berøring med arbeida. Det må påreknas at ein må nytte elektrikar i høve fråkobling. 
  • Anleggsområdet skal sikrast etter gjeldande forskrifter.
  • Områda til rigg og lagerområde for entreprenøren avtalast med oppdragsgjevar.
  • Tiltakshavar skal gjennomføre synfaring av bygning før kontrakt vert inngått.
  • Sluttsynfaring skal gjennomførast.

 

Dei som kjøper bygningen forpliktar seg til å rive og fjerne alt av bygningsmasse og rydde tomta innan 3 månadar etter avtale er inngått. Ringmur rivast også. Groper etter bygningar fyllast att med eigna masser og planerast, klargjort for bygging. Entreprenør sørger sjølv for fjerning av alt bygningsmasse og organiseringa rundt dette. Tomta skal vere rydda og trygg og ferdas på etter jobben er utført.

Det vil bli utarbeida ein fastpriskontrakt. Forhandling om pris etter at kontrakt er inngått vil ikkje vere aktuelt.

 

Framdrift:

  • Felles synfaring                                               Torsdag 11. april 2019 kl. 12:00
  • Innleveringsfrist for tilbod:                               Torsdag 25.april 2019 kl. 13:00
  • Melding om kontraktstildeling:                         Veke 18/2019
  • Signering av kontrakt:                                      Veke 18/2019
  • Arbeidet skal vere ferdig:                                 Veke 32/2019

 

Tilbodet skal leverast eller sendast til:

Vanylven kommune, Teknisk sektor, v/Frode Ellingsund, Rådhuset, 6143 Fiskå

eller på mail til:

frode.ellingsund@vanylven.kommune.no

Kontakt

Frode Ellingsund
Eigedomsforvaltar
E-post
Telefon 70 03 00 76