BUA Vanylven - nyopning

Klikk for stort bilete BUA Vanylven har gratis utlån av utstyr til friluftsliv og aktivitet til privat personar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar i Vanylven kommune.

BUA Vanylven er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge, og BUA står for barn og unge i aktivitet. Vi har utstyr til både sommar- og vinteraktivitetar; til overnatting, matlaging, fisking, sykling, padling, leik m.m. Du kan låne utstyr til nett det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før! Velkomne innom BUA på Fiskå eller send oss ein låneførespurnad

Praktisk info


Åpningstider: Mandag 13:00-15:00 og Torsdag 13:00 -15:00

Adresse: 1. etg. gamle sjukeheimen, Fiskå, 6143 Fiskå

Kontaktperson : Annette Gjeterud (kontaktinfo nederst i artikkel) 

Smittevern

Pga. smittevern må ein reservere utstyr på førehand og hente og levere utstyr i opningstida. Har du ikkje mulegheit til å hente innan opningstida, kan du ta kontakt så finn vi ei løysing.

Kontakt

Annette Håkonsdatter Gjeterud
utekontakt for ungdom
E-post
Telefon 70 03 00 20
Mobil 454 29 326