Avviklar samarbeidet om barneverntenesta

Pexels.com Frå 1. januar vert samarbeidet om barneverntenesta mellom Herøy og Vanylven avvikla.

Dei to kommunestyra i Vanylven og Herøy gjekk, kvar for seg, samrøystes inn for å avvikle samarbeidet i barneverntenesta. Dette skjedde 21. oktober i Herøy og 6. september i Vanylven.

Kommunestyra i Herøy kommune og i Vanylven kommune gjorde i desember 2018 vedtak om å inngå interkommunalt samarbeid om barnevern med Herøy kommune som vertskommune. Samarbeidet hadde oppstart 1. januar 2019. I løpet av perioden fram til i dag, har det vore lagt ned mykje arbeid i å ny-etablere tenesta.

Etter fleire runder med evalueringar og justeringar av korleis ein kan få ønska effekt ut av samarbeidet, har ein no kome fram til at ein ikkje har lukkast, og kommunane er samde om å avvikle samarbeidet.

For kontaktinfo til dei ulike barneverntenestene, finn du nettsidene til kommunane:

Nettsidene blir oppdatert med ny kontaktinformasjon etter nyttår.