AVLYST ! Invitasjon til dialogmøte i barnehage og skulesektor

Klikk for stort bilete  Dette arrangementet er avlyst grunna koronavirus. 

Vanylven kommune inviterar til dialogmøte om korleis ein framtidsretta barnehage og skulesektor skal sikre best mogleg kvalitet i tenestane våre. 6Kommunalsjef Frode Vik, rådmann Rita Kvamme og ordførar Lena Landsverk Sande inviterar til dialogmøte der desse emna vil bli tatt opp: 

  • Kva bør ein legge vekt på i ein framtidsretta barnehage og skule som skal fremje kvalitet for barn og unge?
  • Barnehagen og skulen si rolle i nærmiljøet
  • Utfordringar og mulegheiter i Vanylven kommune
  • Korleis legg nasjonale og lokale styringsdokument føringar i planarbeidet

Intensjonen med dagane:

  • Dialog om ein framtidsretta barnehage og skule for barn og unge i Vanylven kommune
  • Ei kunnskapsbasert tilnærming til kva for kompetansar barn og unge må ha for å meistre livet
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Politiske ambisjonar og forventningar
  • Innspel frå leiarar og medarbeidarar som arbeidar med barn og unge i Vanylven kommune.
  • Kva meiner barn og unge sjølve? Kva for ynskjer og forventningar har dei til kva ein heilskapleg plan skal innehalde.
  • Kva ambisjonar og forventningar har føresette, og kva føresette tenkjer kan være deira bidrag.

 

Det er lagt opp til eit dialogmøte i Syvde, Fiskå og Åheim. Tid og stad for møta:

   Tysdag 10 mars vert det dialogmøte på Myklebust skule 19:00 – 21:00
   Onsdag 11 mars vert det dialogmøte på Fiskå ungdomshus 19:00 - 21:00
   Torsdag 12 mars vert det dialogmøte på Åheim skule 19:00 – 21:00

 

Velkomne!
Helsing kommunalsjef kultur og oppvekst Frode Vik, rådmann Rita Kvamme og ordførar Lena Landsverk Sande

Kontakt

Frode Vik
kommunalsjef kultur og oppvekst
E-post
Telefon 70 03 00 05
Mobil 992 88 600