Avklaring om kommunale gebyr og avgifter

Faktura for kommunale avgifter

Kjære innbyggjar og huseigar i Vanylven kommune,

Vi sendte nyleg ut melding til alle bebuarar i Vanylven og vi ser no at meldinga var uklar og får dermed fleire spørsmål knytt til denne.

Dersom du er leigetakar i ein bustad kan du sjå vekk ifrå denne og tidlegare meldingar frå Vanylven kommune.

Kommunen har starta eit arbeid med å gå igjennom dei ulike abonnementa , og vi ser at det er ein del avvik på fleire av husstandane i Vanylven. Derfor sender vi no ut melding til alle våre bebuarar. Det vil ikkje seie at vi nødvendigvis har funne avvik på akkurat på din eigedom.

Vi ønskje at du som er eigar av ein husstand kontrollerer siste faktura for kommunale gebyr:

Gebyrtype:

  • Feiing
  • Kommunal vassavgift (privat vassanlegg skal ikkje betalast inn til kommunen)
  • Kloakkgebyr eller slamtømming
  • Restavfall
  • Papiravfall

NB ! Kommunen vil ikkje vite summen du betalar.

Vi vil at du kontrollerer kva "gebyrtype" (sjå bilde) du betalar for. Vert det avdekt at ein ikkje betalar for ein eller fleire av desse gebyrtypane ovanfor, og ein ikkje har skriftleg avtale om fritak, ber vi om at huseigar kontaktar kommunen.

Har du tidlegare fått reduksjon i kommunale avgifter, må du også kontrollere at tilhøvet framleis er gjeldande.

Dersom du oppdagar feil ber vi at du melder ifrå til e-post teknisk@vanylven.kommune.no , eller til servicetorget telefon 700 30 000

Mvh
Teknisk sektor, Vanylven kommune