17.mai-feiringa i Vanylven i 2020

Klikk for stort bileteKommunen samarbeider med krinskomiteane, korpsa, kor og kyrkja om programmet. Det blir ein dag der vi feirar med felles opplevingar, men meir kvar for oss enn det vi er vande med. Leit fram finstasen og ver med og feire 17. mai! 

 

  • Bygderadio Vest vil ha sendinger gjennom dagen


Ver med og dokumenter denne heilt spesielle dagen og del gjerne bilde frå dagen i sosiale medium! Bruk gjerne knaggen #17maiVanylven.

 

Feire trygt med godt smittevern

 

Hugs å gjere ditt for at det skal verte ein trygg og fin dag for alle:

  • Vask hendene ofte og grundig.

  • Ver maksimalt 20 personar samla.

  • Hald minst ein meters avstand til andre.

  • Juble for korpsa, men stiml ikkje saman der dei spelar og følg ikkje etter når korpsa marsjerer.

  • Ver heime om du er sjuk.
     

Rute for bilkortesje

 

Vonar på godt oppmøte med flagg og jubel langs ruta. Vi livestreamer, og har med oss Vidar Parr som historieforteljar langs ruta.

 Det blir utrykningskøyretøy og veteranbilar med i kortesjen, og det er fritt fram for andre, som vil henge med kortare eller lenger tid.

Eidså – vi køyrer rundt grasbana – og stoppar bilane. Vi sveivar ned rutene kl 13.00, så syng vi nasjonalsongen, vers 1, 7 og 8 saman. Ordførar talar.
Det er også høve til å vere inntil 50 til stades på tribuneanlegget, i god avstand til kvarandre. Elles kan ein sitte i bilane sine.
 

  • Fiskå 11.30 omsorgssenteret
  • Nordstranda 11.40
  • Rønnestad 12.05
  • Kragseth 12.15
  • Åram 12.20
  • Brandal 12.25
  • Koparnes 12.30 - gamlevegen
  • Eidså 12.50 - gamlevegen
  • Avreise Eidså 13.20, gamlevegen til Fiskå


Følg bilkortesjen på Vanylven kommune si Facebookside.

 

Program for dagen i Vanylven 
 

Almkolvdalen

17. maifesten i Almklovdalen er avlyst for første gang i historien. Komiteen ønsker alle en fin feiring heime eller ute i naturen

Åheim

  • 07.00 - Salutt.
  • 09.00 - Korpset spelar på Klungreholmen.
  • 13.00 - Vi syng «Ja, vi elsker dette landet» vers 1, 7 og 8.

Vi ynskjer alle ein flott nasjonaldag og minner om utlodninga vi har på Åheim Bygdeutvikling si facebook-side.

Slagnes

  • 10:15 - minneord ved bautaen og nedlegging av krans

Syltefjord

  • 07.00 - salutt 
  • 08.00 - Flaggheis for alle i bygda 
  • 12.15-13 - Bilkortesje
  • 13:00 - Nasjonalsongen, vers 1, 7 og 8 
  • 21:00 - Flagghal for alle 

Fiskå

  • 07.00: Salutt
  • 10.30: Kransing av bauta ved Rådhuset. Kopset spelar. Detteblir streama på Fiskå Utvikling sine facebooksider.
  • 11.00: Korpset spelar ved Omsorgssenteret

          Etter dette blir det bilkortesje som sluttar seg til den store biltoget med brannbilen i tet som køyrer            rundt Hovda. (Start seinast 11.30).

  • 13.00: Alle - kvar dei måtte vere - blir med på å synge «Ja, vi elsker».

Nordstranda

  •  12.30 - Leik og konkurransar i uteområdet
  •  12.30 – Kiosk, sal av kaker, kaffi, brus og is
  •  13.00 – Allsong - felles nasjonalsong

Sosialt samvær med avstand på uteområdet (inne om været er for dårleg). Dei som har anledning, kan gjerne ta med fluktstolar/hagestolar og om ynskjeleg nistemat for ein felles 17. mai piknik i det fri

Åram

  • 13:00 - Oppmøte ved Åram kyrkje. Vi sit i bilane og syng nasjonalsongen.
  • 13:15 - Vi køyrer kolonne til Rønnestad, snur og køyrer til Koparnes, før vi retunerer til Åram 

Eidså

Eidså grendalag gratulerer alle med grunnlovsdagen og vonar de får ei fin feiring. Vi ser fram til felles feiring på Eidsåtun neste år.

Syvde

  •  09:30 - Fantetoget/bilkortesje, oppmøte utanfor Coop. Vi oppmodar flest mogleg om å delta. Pynt gjerne køyretøya.
  •  Det vert lagt ned krans ved bautaen utanfor Syvde kyrkje.
  •  11:00 - Korpset startar å spele i bygda
  •  13:00 - felles nasjonal markering med nasjonalsongen

Vi oppmodar flest mogleg om å støtte Syvde Skulekorps økonomisk. Vippsnr. 21364.

Rovde

  • 12.30-12,50: Køyr inn samling på fotballbana
  • 13.00: Felles-song i bilane på bana til musikk av Lauvstad Skulekorps. (Ja vi elsker – vers 1 – 7 og 8.)

Lauvstad Skulekorps spelar frå skuleplassen / tribune-anlegget.

Etter at Lauvstad skulekorps har spelt ferdig – avsluttar vi samlinga.